Flora Hamn Kf

Foretaket er Flora kommune sitt hamnefaglege organ og skal ivareta dei oppgåver som kommunen har etter den til ei kvar til gjeldande hamnelov. Foretaket skal drive hamna med tilhøyrande eigedomar, bygg og spesielle hamneinnreiingar på ein rasjonell og effektiv måte slik at brukarane får best mogleg service til rimelegast mogleg pris. Foretaket kan engasjere seg i næringsretta verksemd knytt til hamneverksemd, eller anna relatert verksemd, anten åleine eller i samarbeid med andre verksemder og kommunar. Felles for a) og b): I den grad foretaket nyttar tenester frå Flora kommune skal foretaket betale vederlag for dette til Flora kommune. Dersom kommunen nyttår tenester frå foretaket, skal kommunen betale vederlag til foretaket for dette. Budsjett, handlingsprogram og årsrapport for foretaket skal dokumentere resultatkrav og resultat. Definisjon av formål og ansvarsområde er uttømmande. Styret og dagleg leiar har ikkje mynde til å treffe avgjerd på område som ikkje er nemnt ovanfor.